IMG_4725.jpg
vinter_kristodder fürstenberg3-min.jpg
2008-01-01 00.00.00-17-min.jpg

Nærme naturen, nærme det lokale

Tur til området rundt det mektige fossejuvet innerst i Måbødalen. Bussen stopper ved Fossatromme der dere møter guiden. Velkomst og informasjon om kulde, snø, frysing, sikkerhet og program. Etter en kort spasertur til utsiktspunktet, der man har god utsikt til selve juvet, går vi til fots eller på truger fem minutter til en lavo med varme fra levende bål og nyter et måltid bestående av tradisjonell betasuppe og hjemmelaget flatbrød. Under måltidet forteller vi fra livet rundt og på Hardangervidda, om villrein og fangst, ny og gammel tid. Me bringer deg tett på naturen og tett på folk som lever i dette magiske landskapet. Etter måltid og fortelling er det mulig å prøve seg meir på truger, aking eller andre aktiviteter som tenning av bål , byggja levegg/skjul med meir, før retur til bussen. Me må vurdera frå dag til dag korleis gjennomføringa skal skje med omsyn på ver og føre.

I tillegg til aktivitetar knytt til matkultur heime på Tunet kan me tilby ulike aktivitetar i fjella kring Eidfjord. Her kan du velje mellom halvdagsturar på 4-5 timar, heildagsturar på 6-8 timar og 3-dagarsturar. Gjennom konseptet ”På tur med ein kjentmann” får du oppleve storslåtte naturopplevingar i trygge rammer med ein kjentmann som vegvisar og historieforteljar. Nokre tilbod passar for grupper på 4-20 personar medan andre tilbod passar for 20-30 personar. Ynskjer du til dømes ein halvdagstur kan du reise på fottur med ein kjentmann til Kjeåsen, inkludert besøk i Kjåsen-tunet. Ynskjer du å oppleve Hardangernaturen om vinteren passar det ypparleg med ein vintertur med truger, inkludert lunsjtilbodet vårt Smaken av Hardangervidda med bålkaffi og gode historiar. 

Ynskjer du ein litt lengre tur og vil bruke heile dagen kan me tilby fottur med ein kjentmann heilt opp til Øktanuten eller til andre turmål i området kring Eidfjord, gjerne inkludert lunsjtilbodet vårt. Om du treng endå litt ekstra tid på å ta innover deg den fantastiske Hardangernaturen kan me tilby ein 3-dagarstur med ein kjentmann og kløvhest. Her kan ein oppleve naturen langt inne på Hardangervidda med Hårteigen eller Kjeldedalen som turmål. Begge turane inkluderer hest med kløv for transport av mat.