16.05.09 EA Haugen7-min.jpg

Grindaløo var ferdig bygd i 2014 og er eit tradisjonelt grindverksbygg med plass til inntil 50 personar.

Skal du ha eit selskap av noko slag, til dømes ein åremålsdag eller ein firmatur, vil du samle vennegjengen eller familien, halde ein konferanse eller kanskje du treng eit lokale til eit møte eller eit seminar, då kan du bestille plass i Grindaløo. Her vert det ei heilt eiga stemning med fyr i peisen og god høgde under taket.

Om du leiger Grindaløo kan du og bestille lunsj eller middag gjort av lokale råvarer og med lokal drykk. I tillegg kan ein bestille underhaldning av lokale utøvarar innan tradisjonsmusikk frå Hardanger. 
I Bakstekjellaren kan me tilby kurs i takkebakst der du kan lære å bake krotakaker, potetkaker, flatbrød eller liknande. Her bakar me og brød og bollar for salg i Landhandleriet.

16.05.09 EA Haugen6-min.jpg

Aktivitetar knytt til matkultur: 

Gropekoking

Har du eit ynskje om å vera med på prosessen kring gropekokinga kan du bestille dette i samband med bestilling av middag. Dette er mogeleg både vår, haust og vinter og tek om lag 4-5 timar før middagen er klar.
Gropekoking har vore gjort heilt sidan steinalderen og er ein heilt spesiell måte å koke mat på. Her kokar ein maten i ei grop og nyttar varme steinar som varmekjelde og med tida til hjelp vert det eit svært smakfullt og saftig resultat.

Baking

Ynskjer du lære deg å bake flatbrød, potetkaker, krotakaker eller liknande kan me tilby kurs i takkebakst i Bakstekjellaren på Tunet. Eit kurs tek om lag 3,5 til 4 timar og passar for grupper på 2 til 5 personar per kurs. Bakstekurs kan bestillast heile året.

Smaken av Hardangervidda

Smaken av Hardangervidda er eit lunsjtilbod som bokstaveleg talt smakar av Hardangervidda. Her serverar me spekja reinsdyrhjarta, salta, kokte og røykte reinsdyrstunger, røykt aure og bær med tilbehør. Retten kan variera litt med årstidene fordi fleire av råvarene er sesongvarer.